| ||||||
| ||||||
Children | ||||||
| ||||||
Notes for Ola Roaldson Gøysa | ||||||
Brukar før 1570 til ca. 1575. Gift ca. 1565/70 med N.N. Gunnarsdtr. Dotter til Gunnar VI Gunnarson Gøysa, førre brukaren. Kor Ola Roaldson var ifrå veit me ikkje. I 1570 hadde Tore VI TOreson Under-Berge stemnt Ola Roaldson Gøysa for han ville eigna til seg ein part i U-Berge og ein øydegard Oaland som Tore meinte han sjølv åtte. (D.N.XVI nr. 661, 1570). Men retten fann ut at Oaland var set til i margen med eit anna blekk i det brevet frå 1563 som vart lagt fram om makeskiftet mellom biskop Eilev og Gunnar III Gunnarson Idsø, då Gunnar fekk Gøysa og dei to øydegardane "Aszpdal og Eydar" av bispen. Brevet var forfalska, meinte retten, og Ola tapte saka. Sjølve brevet om makeskiftet med dei tre gardane, det som frå først av var nedskrive i brevet, fann dei var rett nok. Dette var visseleg ei gammal sak som nok hadde vore for retten før, for i 1543 - om lag ei 50 års tid etter jordebytet - hadde seks menner vitna for den første superintendenten (biskopen) i Stavanger Jon Guttormson (1541-1557) om jordebytet, og sett opp eit pergamentsbrev om vitnemålet sitt (D.N. XVI nr. 611, 1543). Det lyt ha vore i Tore V. Toreson og Gunnar IV. eller V. Gunnarson si tid. Og 26 år seinare - i 1569 (= i Tore VI. og Gunnar VI. si tid) - hadde atter seks lagrettemenn på Høle vitna at " Tore og hans foreldre (=forfedre) alltid hadde klaga over at ein jordepart i U-Berge og Oaland var teken ulovleg frå dei. (Mon denne jordeparten kan ha komme med Halvar I TOreson, som i 1519 budde på U-Berge, og i 1521 på Gøysa?). Dei sette opp eit "papirsbrev" om dette i 1569 (D.N.XVI nr.660). Det var såleis U-Berge-folka som hadde skaffa seg dette vitneprovet. Og nå i 1570 kom saka opp ennå ein gong for retten. Det må ha vore i lensmann Tore VI si tid. Dei U-Berge vann, og "tok" såleis Oaland og "ein part av U-Berge" frå Gøysa. U-Berge-folket var lensmenner og visseleg mykje lovsterke. Saka vart vel reist nett då, av di det på den tid kom ein ny, framand mann som gardbrukar på Gøysa. Ola Roaldson må vel vera fødd ca. 1545 og høyrde såleis til Generasjon 1572-1599. Han sat visst ikkje lenger på Gøysa enn til 1575 - ei 5-10 års tid kanskje. Kanskje han berre hadde eit bruk under garden - det som U-Berge nå la under seg?. Nå tok søster til kona og mannen hennar, Ola Halvorson frå Ø.Eiane over Gøysa-garden. Borna var: a. Roald (sjå denne) Olson Gjeitreim i Bjerkreim, Grøsfjell i Heskestad ca.1570 - ca. 1630. b. Tollak Roaldson Skailand, han var husmann i 1664, 60 år. | ||||||
Notes for Nn Gunnarsdotter Gøysa | ||||||
http://www.allsang.net/Gedcom-M/per00550.htm#0 | ||||||
Last Modified 18 Mar 2010 | Created 5 Aug 2010 by Reunion for Macintosh |